mandag 9. juni 2008

Periodicana, mai 2008

Så var det juni, og her kjem semesterets siste utgåve av Periodicana. Neste utgåve kjem seint på sommaren eller tidleg på hausten – tida vil visa om det vert august eller september. Tanken bak denne ”publikasjonen” (som er tenkt å vera månadleg, men utan at eg kan garantera fullt ut ein slik frekvens) er å gje eit innblikk i ein liten flik av det dei forskjellige tidsskrifta innan historie, arkeologi og klassiske fag som UB Tromsø får inn, har av artikkelstoff. Samstundes vil eg understreka at eg ikkje siktar på vera uttømmande i nokon måte, og kor grundig eg har gått gjennom dei forskjellige tidsskrifta vil sjølvsagt variera i takt med kor mykje tid dei andre arbeidsoppgåvene mine tek. Dei som vil vita kva tidsskriftet inneheld, må framleis finna tidsskriftet på hylla eller som e-tidsskrift, og deretter gjennomgå det sjølv. Eg kjem heller ikkje til å presentera samtlige av tidsskrifta som UB får inn kvar månad, men eit høgst ukritisk utval av ymse meir eller mindre interessante og meir eller mindre iaugnefallande artiklar frå nokre av tidsskrifta. Eldre utgåver kan finnast på bloggen min Garms gneldring.

Kva visste eigentleg den vest-tyske etteretningstenesta Bundesnachrichtendienst (BND) om situasjonen i DDR før bonde- og arbeidarstatens kollaps i 1990, spør Hermann Wentker i aprilutgåva (hefte 2, 56. Jahrgang) av Vierteljahrshefte für Zeitgeschichte. Wentker har, saman med journalisten Karl Feldmeyer, gjennomført eit intervju med sjefen for BND mellom 1985 og 1990, Dr. Hans-Georg Wieck, der dei freistar å få svar på dette. Mellom dei andre artiklane i tidsskriftet, er ein av Dieter Krüger som drøftar NATO sine krigsstrategiar i tida 1958–1968, og spør om Vest-Tyskland var den påtenkte slagmarka i ein eventuell storkrig.

Alice Perrers var frå 1360-åra elskerinna til den engelske kong Edward III, og fekk fleire born med han. I 1376 vart den sjuke kongen tvungen av parlamentet til å visa henne bort frå hoffet, men ho kom snart tilbake. Etter at kongen døydde i 1377 var det derimot få som beskytta henne, og ho var tiltalt i ei rekkje rettssaker i 1370- og 1380-åra. Desse rettssakene er emnet for ein artikkel av den britiske historikaren W. Mark Omrod i aprilheftet (vol. 83, nr. 2) av Speculum: A Journal of Medieval Studies.

Svenske Personhistorisk tidskrift har i hefte 1, årgang 104, mellom anna ein artikkel av Herman Schück om sin far, historikaren Adolf Schück, med fokus på den humanistiske livsgjerninga hans. Av dei andre artiklane i heftet kan nemnast Margareta Lagergrens om ingeniøren, adelsmannen og vitskapsmannen Gabriel Polhem som levde på 1700-talet. Ved sidan av artiklar, er det ei rekkje bokmeldingar

Bokmeldingar er det også mange av i franske Revue historique (tome 320, no. 645), men desse må de finna fram sjølve dersom de vil vita meir. I hovudartiklane i heftet skriv mellom anna Nicole Pons om tankar om ære og profitt hjå ein fransk jurist ved midten av 1400-talet, basert på hans eigne oppteikningar. Jansenistkontroversane i 1700-talets Frankrike er nok ein gong emne for ein artikkel. Denne gongen er det Nicolas Lyon-Caen som ser på korleis notarane i Paris føreheldt seg til denne kontroversen, og kjem til at den sosiale bakgrunnen til dei forskjellige notarane, klårt hadde noko å seia for kva side dei enda på.

Danske Personalhistorisk tidsskrift (nr. 1, årgang 129) har i sitt første hefte for 2008 mellom anna ein artikkel av Asbjørn Romvig Thomsen om den geografiske mobiliteten hjå unge menn i stavnsbåndets tid, basert på informasjonar henta frå dei eldste legdsrullane frå 1700-talets Danmark. Karl Peder Pedersen skriv om den danske kansellipresidenten, Frederik Julius Kaas, si reise til keisar Napoleons hoff i 1811, i samband med gratulasjonsoverbringingane ved fødselen til prins Napoleon same år.

Diktaren og riksarkivaren Henrik Wergeland prydar forsida av magasinet Levende Historie nummer 3/2008, noko som ikkje bør overraska mange, ettersom det jo i år er 200 år sidan han vart fødd. Inne i bladet er han dessutan tema for to artiklar: ein av Øystein Rian som tek føre seg historikaren Henrik Wergeland, medan Brit Marie Hovland skriv om 17. mai-feringa si historie, som er eit emne det er vanskeleg å handsaman utan å koma inn på nettopp Henrik Wergeland.

Når onomastikken (namnegranskinga) møter arkeologien, er emnet for ein artikkel i aprilnummeret 2008 (vol. LXXXVII, 1) av The Scottish Historical Review. Artikkelen er skriven av Pamela O’Neill og handlar av identifikasjonen av øya Hinba som er nemnt i Adomnáns Life of Columba frå kring 700. På bakgrunn av det arkeologiske materialet, saman med toponyma og dei skriftlege kjeldene, kjem O’Neill fram til at øya Canna er den mest sannsynlege kandidaten.

Nummer 28 (vinter 2008) av The Northern Review, har som overordna emne dei raske endringane i det arktiske og subarktiske landskapet, og den menneskelege responsen på desse endringane. Klima- og landskapsendringar, og deira innverknad på livet i området, er ikkje lite aktuelt i våre dagar, og tidsskriftet inneheld fleire artiklar som bør vera av stor interesse både for historikarar og arkeologar.

Marsnummeret 2008 (vol. 110, no. 1) av American Anthropologist inneheld mellom anna ein artikkel av James M. Bayman og Alan P. Sullivan III som tek føre seg utviklinga av eigedomsrettar og makroøkonomi i det før-spanske sørvestlege (noverande) USA. Dei meiner å visa at funna deira underbyggjer den viktige rolla arkeologien har i modellering av eigedomsrettane i førkapitaliske samfunn.

Det revolusjonære Paris gjennom meir enn 200 år, frå 1700-talet fram til opptøya i oktober og november 2005, er emne for det meste av siste hefte (nr. 1–2, 2008) av Arr – Idéhistorisk tidsskrift. Ei rad med forfattarar, mellom anna Kai Østberg, Tone Selboe og Michel Wieviorka, tek her føre seg ulike aspekt ved Paris si etter måten nokså revolusjonære historie.

fredag 2. mai 2008

Periodicana april 2008

Tanken bak denne ”publikasjonen” (som er tenkt å vera månadleg, men utan at eg kan garantera fullt ut ein slik frekvens) er å gje eit innblikk i ein liten flik av det dei forskjellige tidsskrifta innan historie, arkeologi og klassiske fag som UB Tromsø får inn, har av artikkelstoff. Samstundes vil eg understreka at eg ikkje siktar på vera uttømmande i nokon måte, og kor grundig eg har gått gjennom dei forskjellige tidsskrifta vil sjølvsagt variera i takt med kor mykje tid dei andre arbeidsoppgåvene mine tek. Dei som vil vita kva tidsskriftet inneheld, må framleis finna tidsskriftet på hylla eller som e-tidsskrift, og deretter gjennomgå det sjølv. Eg kjem heller ikkje til å presentera samtlige av tidsskrifta som UB får inn kvar månad, men eit høgst ukritisk utval av ymse meir eller mindre interessante og meir eller mindre iaugnefallande artiklar frå nokre av tidsskrifta.

Håløygminne har i hefte 1, 2008 (bd. 22, 89 årgang) mellom anna ein interessant artikkel om avishistoria i Harstad i siste del av 1800-talet. Sentralt står konflikten mellom den radikale venstremannen Peter O. Klinge, grunnleggjaren av Senjens Tidende, og dei moderate venstrmennene Rikard Kaarbø og Bastian Eidem.

Mars/april-nummeret 2008 (no. 149) av Le débat, har som hovudtema denne gongen hendingane i mai 1968, førti år etter. Heile sju artiklar tek føre seg ulike aspekt ved 1968-opprøret. Men det er også rom for andre emner, og vi finn til dømes artiklar av Alexandre Arkhangelski om Russland i det 21. århundre, og av Perry Anderson om Putins Russland.

Post-Soviet Affairs (formerly Soviet Economy) har i sitt første nummer for året (vol. 24, hefte 1) ein svært djuptgåande artikkel av seniorforskar Gordon M. Hahn ved Monterey Terrorism Research and Education Program, om tilhøva i det nordlege Kaukasus frå 1990-åra og framover. Særskilt tek han føre seg jihadistopprøret i området, då særskilt i Tsjetsjenia, og dei russiske mottiltaka mot jihadistane. Vi får også eit oversyn over livssoga til Ramzan Kadyrov, den noverande russiskvennlege presidenten i Tsjetsjenia, og hans veg til makta.

Nok ein gong vil eg trekka fram tidsskriftet Österreich in Geschichte und Literatur (mit Geographie), der bind 51 (2007), hefte 6, mellom anna har ein artikkel av professor Hermann Möcker som tek for seg kjeldemangelen og dei mange problematiske tolkingane den medfører når ein skal ta for seg Adolf Hitler sin genealogi og ungdomsbiografi. Möcker drøftar fleire aspekt ved både Hitlers slektsbakgrunn og ungdomsliv.

Mellom artiklane i januar/februarnummeret 2008 (årgang 63, no. 1) det franske Annales: Histoire, Sciences sociales, er ein spennande artikkel av Philippe Mongin der han foreslår å applisera spel-teoretiske modellar på militærhistoriske hendingar, helst i form av felttognarrativ. Han illustrerer metoden ved å applisera den på nokre av Napoleons omdiskuterte disposisjonar under felttoget som leia fram til det avgjerande slaget ved Waterloo i 1815.

Det canadiske tidsskriftet Acadiensis: Journal of the history of the Atlantic Region/Revue d’histoire de la région atlantique, har i vinter/vårnummeret 2008 (vol. 37, no. 1) ein artikkel om det føderalt initierte relokaliseringsprosjeket av ein del urfolksgrupper i den canadiske Atlanterhavsregionen. Artikkelen tek særskilt føre seg motstanden mot denne relokaliseringa hjå Maliseet-folket i provinsen New Brunswick, og viser korleis denne motstanden førte til at relokaliseringa i New Brunswick i det store og heile ikkje vart gjennomført nettopp på grunn av motstanden hjå Maliseet-folket.

Danske Siden Saxo vier delar av sitt nr. 1/2008 til markeringa av 350-årsjubileet for freden i Roskilde, og inneheld mellom anna ein artikkel av den svenske historikaren Harald Gustafsson om då Austdanmark vart til Sørsverige. Gustafsson tek mellom anna eit oppgjer med tradisjonen om den nokså hardhendte svenskifiseringspolitikken i Skåne.

I hefte 1, bd. 56, av Jahrbücher für Geschichte Osteuropas, spør den amerikanske historikaren Michael C. Paul om mellomalderfyrsten i Novgorod skal reknast for ein tredjerangs byråkrat etter 1136, eller om han hadde reell makt. Fyrstedømmet og/eller republikken Novgorod kontrollerte mykje av Nordvest-Russland i mellomalderen, og er såleis høgst relevant for dei som arbeider med nordnorsk historie i denne tida. Ut over det er heftet vigd til temaet «Neue Ansätze in der Geschichte der internationalen Politik», og inneheld fire artiklar innanfor dette emnet.

Det svenske tidsskriftet Fornvännen: Journal of Swedish Antiquarian Research har i sitt nr. 1 for 2008 fleire interessante artiklar. Anders Edring skriv om utgravingane av og funna ved to mesolittiske buplassar i Skåne, medan Richard Grönwall skriv om ei nyleg utgrave kammergrav frå folkevandringstidas Uppland. Anders Huggert ved Västerbottens Museum i Umeå har ein artikkel om bruken av gamle krittpiper hjå den samiske befolkninga i 1890-åras Lappmark.

Vol. 17, nr. 3 (juli 2008) av Women’s History Review er eit temanummer som tek føre seg single, eller einslege kvinner i historia, frå mellomalderen til vår eiga tid. Var (og er) desse einslege kvinnene vinnarar eller taparar, er eitt av spørsmåla som vert stilt. Hovudvekta av artiklane har fokus på kvinner i USA og England på 1800- og 1900-talet.

Den såkalla hobbitkrigen held fram. ScienceNews melder at årsmøtet til American Association of Physical Anthropologists den 10. april vart den førebels siste slagstaden for debatten om korvidt dei småvokste menneska som ein gong budde på øya Flores i Indonesia verkeleg var ei sidegrein på det menneskelege stamtreet (homo floresiensis), eller om det berre var ei pygmégruppe innanfor homo sapiens.

onsdag 2. april 2008

Periodicana, mars 2008

Siste nummer av Scandinavian Journal of History (nr. 1/2008) inneheld mellom anna ein artikkel av dei svenske historikarane Patrik Lantto (Umeå universitet) og Ulf Mörkenstam (Stockholms universitet), der dei analyserer konfliktane innanfor den samiske politikken i Sverige dei siste 120 åra. Ein av konklusjonane dei kjem fram til er at det er viktig å tilkjenna urfolk, som samane, ei eller anna form for sikker politisk plattform der dei kan delta i dei demokratiske prosedyrane og på legitimt vis fungera som ei motvekt til makta i dei nasjonalstatane dei lever i.

Dei historiske bidraga i band 51 (2007), hefte 4–5, av tidsskriftet Österreich in Geschichte und Literatur (mit Geographie), handlar begge om verdskrigane i førre århundret. Historikaren Axel Bader ved universitetet i Göttingen skriv om krigskvardagen under Romaniafelttogen i 1916, og korleis dei tyske soldatane meistra denne kvardagen. Peter Broucek, leiar av krigsarkivet ved Österreichisches Staatsarchiv, skriv om kampane om Wien i 1945 og den austerrikske militære motstanden under desse kampane.

Hefte 2 (april 2008) av band 17 av Women’s History Review er eit særnummer om den britiske feministen Josephine Butler (1875–1959) og hennar kampanjar i eit internasjonalt perspektiv. Bakgrunnen er eit nyleg avslutta forskingsprosjekt (2004–2007), finansiert av Leverhulme Trust, med fokus på dei internasjonale nettverka til Butler.

Novembernummeret 2007 (vol. 66, no. 4) av The Journal of Asian Studies har ei klar overvekt av artiklar av interesse for historikarar. Mellom anna skriv Anand A. Yang om bandittar og (små)kongar, om moralsk autoritet og motstand i tidlegkolonialistisk India. Ved sidan av dette er det høvesvis tre artiklar på kvart av emna innovasjon i seinkolonialistisk India, og tradisjon, klasse og makt i Korea mellom 1862 og 1945.

Arr – idéhistorisk tidsskrift har i sitt nummer 4/2007 dommedag som tema. Ei rad med artikkelforfattarar handsamar emnet på sitt vis, og ein får ulike vinklingar på dom og dommedag frå fleire ulike fagfelt. Norrønfilologen Jonas Wellendorf skriv om vredens dag i den norrøne litteraturen, Else Marie Lingaas skriv om profeti og politikk i Firenze i 1490-åra, Johannes Løvhag skriv om Thomas Hobbes og eskatologien, medan Tarjei Rønnow handsamar den moderne frykta for ein økologisk apokalypse i lys av klima- og miljøendringane.

Årets første hefte (bd. 128, hefte 1) av det svenske Historisk tidskrift har to større artiklar denne gongen. Aleksander Kan gjev eit innblikk i korleis notidig finsk historieskriving har sett på autonomien til storfyrstedømmet Finland i tida under russisk overherredøme (1809–1917), medan Henrik Lindberg handsamar reformeringa av den svenske jordbrukspolitikken, særskilt på 1980-talet. Dessutan vert det invitert til det svenske historikarmøtet i Lund i april 2008, der temaet burde vera svært så relevant for både nordmenn og danskar også. Det er 350 år sidan freden i Roskilde, då den dansk-norske kongen i København måtte avstå til Sverige det gamle norske landskapet Båhuslen og dei austdanske landskapa Skåne og Blekinge. Den manglande historikarinteressa (både frå svensk og norsk side) for det norske Båhuslen i mellomalder og tidleg nytid, ser ut til å spegla seg igjen i programmet, der det vert sagt at «historikermötets huvudtema kommer att vara Gränser, identiteter och kulturmöten. Förbindelser mellan svenskt, danskt och skånskt står i centrum (...)». Det er likevel mykje spennande på programmet.

Januarnummeret av European History Quarterly (vol. 38, no. 1) opnar med ein interessant artikkel av Matthew Rendle, der han tek føre seg problema til dei tidlegare russiske adelege etter oktoberrevolusjonen i 1917, og korleis dei løyste problema knytte til å verta godtekne som fullverdige sovjetborgarar før andre verdskrigen.

Vol. 39 (2007) av Études finno-ougriennes har fleire artiklar som bør vera av interesse for både historikarar og andre. Enikö Molnár Bodrogi tek for seg kvenane i Noreg, og den revitaliseringa av både språk og etnisk identitet som har gått føre seg sidan omlag 1990. Bernard Le Calloc’h skriv om omtalen av madjarane (ungararane) i verdskrønika til den tidleg-mellomalderlege kronikøren Radulf Glaber, medan Henri Toulouze fortel om korleis den heilage Elisabeth av Ungarn har vore framstilt i fransk litteratur frå mellomalderen og fram til våre dagar.

Årets første hefte (band 286, hefte 1) av det eminente tyske Historische Zeitschrift har som vanleg svært mange bokmeldingar, og denne gongen opptek desse omlag 180 av sidene i tidsskriftet. Det bør såleis vera mogleg å finna eitkvart for dei fleste. Mellom artiklane finn vi mellom anna ein av Christian Mann som drøftar det atenske demokratiet ut frå eit systemteoretisk perspektiv.

Det lokalhistoriske tidsskriftet Heimen (band 45, hefte 1, 2008) prøver å ta opp tråden som er proklamert med det norske mangfaldsåret i 2008. Dette heftet byr på artiklar om regionalt musikkliv, tradisjonsstoff om krigsfangar, barndomshistorie, og ikkje minst debattinnlegg om nordnorsk identitet.. Redaksjonen spør også lesarane om det er på tide å vurdera eit nytt namn på tidsskriftet, og ynskjer difor å lodda stemninga gjennom å invitera til debatt og innsending av kommentarar, forslag eller reine debattinnlegg. Det har opp gjennom åra kome reaksjonar til redaksjonen på at Heimen er eit noko gammalmodig og kjedeleg namn, og at det ikkje akkurat gjev assosiasjonar til lokalhistorie. Bør ein dermed skifta namn på tidsskriftet? Tida synest i alle fall å vera moden for ein diskusjon over det.

Sasha Baron-Cohens sin kazakstanske journalistparodi Borat er utgangspunktet for heile åtte artiklar som tek for seg identitet i vår tid, i vårheftet til band 67 (2008) av Slavic Review. Ved sidan av desse kan ein lesa ein artikkel av Robert Weinberg om demoniseringa av jødedommen i Sovjetunionen i 1920-åra, og ein av Theodora Dragostinova om bulgarifisieringa eller nasjonaliseringa av den gresktalande minoriteten i Bulgaria frå 1900 til 1939.

Mellomalderfilologien dominerer hefte 1, band 137 (2008) av Zeitschrift für deutsches Altertum und deutsche Literatur. Derk Ohlenroth har ein artikkel om Wolfram sin motpart i Parzival-prologen, medan det er heile tre bidrag til artikkelserien om nye handskriftfunn frå mellomalderlitteraturen: mellom anna eit nytt tekstvitne til den såkalla Konstanzer Weltchronik.

Det bergensbaserte populærvitskaplege magasinet Historie har i nummer 1/2008 mellom anna ein artikkel om marineløytnanten og krigsflygaren Knut Ellingsæter i Glomfjord i Nordland, og historia om då han og fleire andre lokale skyttarlagsmedlemmar kapra eit tysk bombefly i Ørnes i aprildagane i 1940. Av anna stoff kan nemnast ein artikkel av Ingvar Mæhle om den romerske republikken, og ein av Benedicte Skjerping om Bahrain i bronsealderen – då betre kjent under namnet Dilmun.

Februarnummeret (vol. 18, no. 1) 2008 av Cambridge Archaeological Journal har ein spesialseksjon på knappe 50 sider som er tileigna temaet tid og endring i arkeologiske tolkingar. Mellom bidragsytarane her er Gavin Lucas, John Robb, Timothy Pauketat og Ruth M. Van Dyke. Men det er også rom for andre emner, og mellom desse finn vi ein interessant artikkel om lingvistikk for arkeologar, presentert gjennom ei punktstudie frå Andesregionen.

mandag 31. mars 2008

Periodicana, februar 2008

(Prøvepublisering av ein litt eldre publikasjon)

Tanken bak denne ”publikasjonen” (som er tenkt å vera månadleg, men utan at eg kan garantera fullt ut ein slik frekvens) er å gje eit innblikk i ein liten flik av det dei forskjellige tidsskrifta innan historie, arkeologi og klassiske fag som UB får inn, har av artikkelstoff. Samstundes vil eg understreka at eg ikkje siktar på vera uttømmande i nokon måte, og kor grundig eg har gått gjennom dei forskjellige tidsskrifta vil sjølvsagt variera i takt med kor mykje tid dei andre arbeidsoppgåvene mine tek. Dei som vil vita kva tidsskriftet inneheld, må framleis finna tidsskriftet på hylla eller som e-tidsskrift, og deretter gjennomgå det sjølv. Eg kjem heller ikkje til å presentera samtlige av tidsskrifta som UB får inn kvar månad, men eit høgst ukritisk utval av ymse meir eller mindre interessante og meir eller mindre iaugnefallande artiklar frå nokre av tidsskrifta.

Haustnummeret (september 2007) av det russiskbaserte Social Evolution & History: Studies in the Evolution of Human Societies, inneheld mellom anna ein artikkel av Arno Tausch (universitetsdosent ved Institut für Politikwissenschaft, Universität Innsbruck). Gjennom å analysera konfliktdata (fatalitetar i krig 1495–2002) og veksten i verdas industrielle produksjon 1740–2004, vil Tausch visa at verdsøkonomien er prega av ustabilitet, også etter kommunismens fall. Hypotesen til Tausch er at den store globaliseringsepoken («the belle époque of globalization») frå 1960 til 1990, slett ikkje har brakt fram ei meir stabil, egalitær og fredfull verd, men tvert imot liknar på tilsvarande tidlegare periodar, som til dømes perioden før første verdskrigen.

Det belgiske Revue d’histoire ecclésiastique (vol. 102, 3–4) har, forutan ein sedvanleg svært fyldig kyrkjehistorisk bibliografi, ein interessant artikkel av den anerkjente franske mellomalderhistorikaren Jean Flori, om nokre av dei kjeldekritiske problema med ei av dei få samtidskjeldene til historia om det første krosstoget (1096–1099), nemleg den anonyme Gesta Francorum. Flori viser at Gesta Francorum etter alt å døma hadde som målsetjing å tena som propagandaskrift for Bohemund av Tarento og hans ønskje om eit krosstog mot keisaren i Bysants.

Det franske Le débat diskuterer i sitt siste nummer (no. 148, januar-februar 2008) mellom anna fenomenet Wikipedia. Finnes det gode måtar å bruka Wikipedia på, spør journalisten Pierre Assouline, medan Christian Vandendorpe kallar det ein utopi på frammarsj.

Vierteljahrshefte für Zeitgeschichte har i sitt første hefte for året (Heft 1, 2008) mellom anna to artiklar som omhandlar nazi-tida. Den eine er skriven av Rüdiger Hachtmann og omhandlar det ein kan kalla forhistoria til det velkjende Max-Planck-Gesellschaft, nemleg historia om Kaiser-Wilhelm-Gesellschaft frå 1933 til 1945. Den andre artikkelen er skriven av Felix Römer og omhandlar korleis mottakinga på Austfronten var av Hitlers dekret av 13. mai 1941 som tillot avrettingar av ”fiendtlege sivile” utan dom, så vel som kollektive avstraffingar av heile lokalsamfunn.

Eit omfattande filologisk arbeid ligg bak Martin Wagendorfers artikkel om ortografien til Eneas Silvius Piccolomini (1405–1464, pave under namnet Pius II 1458–1464) i bd. 42, hefte 3 (2007) av Mittellateinisches Jahrbuch. Heftet inneheld fleire andre artiklar, forutan ei rad med bokmeldingar og bokomtaler.

Henri-Louis Fernoux hevdar i ein artikkel i bd. 109, nr. 2 av Revue des études anciennes, at oppfatninga av Pompeius Magnus var svært delt heilt frå starten av, og at den seinare delvise oppreisinga av Pompeius i første rekkje skuldast innsatsen til Cicero, enn hans eigne søner. I ein annan artikkel i same tidsskrift prøver Guillaume Sence å visa at dei neo-assyriske skulpturane frå palasset til Sargon II i Dur-Sharrukin som heilskap viser eit ideologisk portrett av kongen når dei vert studerte i sin arkitektoniske kontekst.

Professor Wolfgang Müller ved Fordham University i New York har ein artikkel i franske Revue historique, bd. 319, nr. 644 (2007), der han peikar på at sjølv om arkivet til det pavelege pønitensiariatet i seinmellomalderen har vore åpent for utvalde forskarar sidan 1983, og det har vore gjennomført svært mange studiar i dette arkivmaterialet, har det likevel ikkje vore gjennomført slike studiar med fokus på Frankrike.

I Årbok for Fortidsminneforeningen 2007 kan vi lesa minneord over tidlegare riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen, som døydde i 2007. Ut over det inneheld årboka ei rad med artiklar som omhandlar Nord-Noreg. Randi Sjøli fortel i ein artikkel om den kulturelle ressursen som samiske gardar er, medan Hans Henrik Egede-Nissen handsamar krutthuset på Vardøhus i ein annan. Marianne Krohn kastar dessutan nytt lys over det seinmellomalderlege alterskåpet i Vardø kyrkje i ein vakkert illustrert artikkel.

I 2006 vart det sett i gang eit internasjonalt forskingsprosjekt som over dei påfølgjande åra skal undersøka Island sin handel med England og Hansabyane i seinmellomalderen (og eit stykke inn i tidleg nytid – før det danske handelsmonopolet vart innført i 1602). Andre halvbind av 2007-nummeret (bd. 85) av det tyske tidsskriftet Germania: Anzeiger der Römisch-germanischen Kommission des deutschen archäologischen Instituts, har ein fyldig artikkel som fortel om dei innleiande feltundersøkingane på Island, samstundes som det gjev ein god introduksjon til sjølve prosjektet. Undersøkingane kan vera svært så relevante for andre delar av nordområda. Artikkelen (og prosjektet) fokuserer på handelsstader og fiskehamner på Island, og den er ført i pennen av arkeologane Mark Gardiner og Natascha Mehler.

Det populærhistoriske magasinet Levende Historie har i nr. 1/2008 ein artikkel om haremet ved sultanpalasset i Istanbul som sitt hovudoppslag. Forutan dette er det mellom mykje anna også ein relatert artikkel om kvinnemakt med sitt utspring i nettopp haremet. Særskilt sultanmødrene kunne oppnå svært mykje makt i Det osmanske riket, noko ein også ser særskilt på 1500- og 1600-talet.

Band nummer 24 (2007) av det finske arkeologiske tidsskriftet Fennoscandia archaeologica må nærast kategoriserast som eit debattnummer. Emnet som vert diskutert er utgravingane og funna i Susiluola i Österbotten i 1990-åra, og dei påfølgjande tolkingane av desse. Det som er essensen i diskusjonen, er kor vidt desse funna kan takast til inntekt for at staden var ein paleolittisk buplass før den siste istida, eller ikkje. Dei mange innlegga i debatten gjev lesaren eit godt innblikk i fleire av problema, både dei reint konkrete spørsmåla andsynes Susiluola, og dei meir overordna metodiske spørsmåla som gjerne melder seg ved slike funn. Mellom dei andre artiklane i det same tidsskriftheftet, finn vi også ein interessant artikkel av Jari Okkonen om utgravingane sommaren 2006 på den samiske offerplassen på øya Ukonsaari i Inari-sjøen.